Haustfest og folkemøte

Fredag 26. oktober inviterar Hyllestad Næringsråd til haustfest saman med omstillingsorganisasjonen i Hyllestad. Haustfesten vert lagt opp som eit ope folkemøte, der alle med interesse for næringsutviklinga i Hyllestad er velkomne. Vår hovudinnleiar denne kvelden er fylkesdirektøren for næring i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim. Han vil orientere om sine tankar rundt næringsutvikling i småkommunar som Hyllestad, samt gje ei vurdering av korleis ein kan drive vellukka omstilling i Hyllestad.

Vidare vert dette ein god anledning for folket i kommunen til å få siste nytt frå det nye næringsområdet på den gamle verfttomta, Hyllestad Utviklingspark. Tore Bråstad er salsansvarleg for selskapet, og vil legge fram informasjon om sitt arbeid så langt, og kva som er selskapet sine tankar og visjonar for framtidig aktivitet. Til slutt vil Terje Nilsen orientere om vegen vidare, samt kva som har skjedd gjennom året av utviklingsarbeid i kommunen.

Totalt sett er det lagt opp til ein innhaldsrik kveld, som er vel verdt å få med seg for dei som bryr seg om og meinar noko om korleis Hyllestad skal sjå ut i framtida. For dei som er uroa for gullrekka og tacoen, så kan vi anbefale NRK sitt nye web-TV og forsikre om at det vert gode høve til å få i seg næring under dette møtet.

Vel møtt!

Advertisements

Vel gjennomført bytreff!

This slideshow requires JavaScript.

Som vi tidlegare har skrive litt om, så var det duka for utflyttartreff i Bergen på fredag 19. oktober. For første gang var alle HAFS-kommunane samla bak denne hendinga, som dei alle har drive litt med kvar for seg i fortida. Om lag 150 ungdommar med røter eller andre forbindingar til HAFS-regionen fekk besøke eit rikt utval av stands, høyre føredrag frå Harald Rønneberg, ete tapas og sosialisere, dei siste akkompagnert av medbrakte trubadurar.

Hyllestad Næringsråd hadde eigen stand. Vi stod attmed Hyllestad kommune, og i tillegg til styreleiaren, var Åm Sognnes Bygdeservice på plass for å svare på spørsmål om korleis det er å starte for seg sjølv i Hyllestad. I tillegg var HAFS Elektro & Røyr og Havyard-selskapa i Leirvik på plass med eigen stand. Gjennom heile kvelden opplevde vi god trafikk til vårt område, og det var som alltid veldig kjekt å helse på nye og gamle kjente frå Hyllestad og omlandet. Vi merkar at det høge aktivitetsnivået i Hyllestad blir lagt merke til, og hadde fleire gode samtalar om det å starte for seg sjølv, flytte heim og kvalitetane med å bu i Hyllestad.

Vårt mål med denne deltakinga er ikkje å få folk til å love å kome heim ved første anledning. Vi synst det er spanande å høyre om dei mange og ulike utdanningsløpa, og om planane om å reise, jobbe i spennande bedrifter i og utanfor Noreg, og om det gode bylivet. Vi er på HAFS-treffet først og fremst for å halde kontakten, syne at vi finst, og svare på dei spørsmåla som gjerne kan vere vanskeleg å finne svar på elles. I tillegg meiner vi at det er viktig at dei som har teke steget kan vere med. Det er dei som er beviset på at det vi seier er sant.

Vi takkar alle som vi gjennom kvelden kom innom standen, snakka med oss, eller berre såg på Hyllestad frå avstand. Vi ser fram til neste anledning, og er tilgjengelege når som helst dersom ein skulle har spørsmål, innspel eller berre vil ta ein prat.

HAFS-treff i Bergen

I morgon, fredag 19. oktober, er det duka for HAFS-treff i Bergen. Treffet er ei vidareføring av dei ulike kommunane sine utflyttartreff, seinast Brutreffet til Fjaler og Hyllestad for to år sidan. Vitsen med desse samlingane er å kome i kontakt med unge utflyttarar. Gjennom dette treffpunktet får ein informert om kva som skjer i heimkommunane, ein får direkte dialog med dei enkelte, og ein får sosialisert saman i trivlege rammer. Tidlegare har desse treffa vore svært vellukka, og fleire har i ettertid meldt at treffet har vore medverkande årsak til at ein valde å vende nasen heim.

Når treffet no går av stabelen, har det utvikla seg eit steg vidare. Som eit resultat av godt samarbeid i HAFS-regionen er det naturleg at alle kommunane i samarbeidet går i lag om eit slikt treff. Programmet er òg tilpassa dette, ein har lagt opp til noko felles program, og noko som kvar kommune styrer sjølv. I tillegg til at kommunane, ved politisk og adminstrativ leiing, er til stades, så er næringsorganisasjonane og utvalde verksemder med for å presentere seg for dei vi håpar er framtidige arbeidstakarar – eller kanskje gründarar.

Som vanleg er trivsel og det sosiale sett i sentrum. Harald Rønneberg dreg opp stemninga med sitt føredrag om å gjere ting ein ikkje kan, og det vert nydeleg mat og høve til noko godt i glaset. Vi i Hyllestad Næringsråd har pakka sakene, og ser fram til ein triveleg kveld saman med kjende og nye ansikt med interesse for regionen vår. Vel møtt, og kom gjerne innom for ein triveleg prat i løpet av kvelden!

Satsing på reiseliv

Laurdag 22. september arrangerte HNR seminar for reiselivsnæringa i kommunen. Målet med seminaret var å inspirere næringa, samstundes som ein gav eit fagleg påfyll. Denne gangen var heile næringa invitert til å delta, uavhengig av om ein er medlem i næringsrådet eller ei. Samlinga er ein del av handlingsprogrammet i prosjekt 20, som er beskrive nærare i førre post. Stiftinga Norsk Kvernsteinssenter var medarrangør, og innleiar. 

For å sikre god kvalitet i gjennomføringa, hadde ein invitert eit breitt spekter av innleiarar. Bill Taylor, sjølvstendig næringsdrivande rådgjevar for norske og utanlandske reiselivsdestinasjonar med særskilt fokus på natur, gav eit innblikk i marknaden, trendar og produktutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Irene Baug informerte om status og planar for Norsk Kvernsteinssenter, med spesielt fokus på parken. Steinar Sørli fortalde om sin veg, frå idé til anerkjent operagard i Bygstad, og Joakim Systaddal, Arnold Michelsen og Roar Nordbø fortalde om ståa innan reiseliv i kommunen per i dag, og tankar om vegen vidare. 

Totalt møtte 26 personar, eit tal som ein seier seg godt nøgd med på dette stadiet. HNR vil følge opp møtet, og gå vidare med arbeidet med å utvikle reiselivsnæringa. Dersom du ikkje hadde høve til å delta på denne samlinga, men ynskjer å vere med vidare – ta kontakt med oss. Vi kan òg sende ut oppsummeringa og presentasjonane dersom det er ynskjeleg.