Eit synleg næringsliv

3434_10151428081836055_869815273_n

Dei siste åra har HNR hatt fokus på synleggjering av medlemsbedriftene. Styret har prioritert dette arbeidet, og sidan 2011 har det vore ein del av handlingsplanane for kva næringsrådet skal drive med. Dei viktigaste arenaane i så måte har vore ulike messer, i tillegg til dei digitale kanalane som vi nyttar gjennom heile året. Først og fremst har karrieremessene til Framtidsfylket vore gode og relevante.

Dei siste åra har vi invitert med medlemmane på stand. HNR betalar for standplassen, så må bedriftene stille med eigeninnsats i form av tid til å vere med. Vi har frå tid til anna hatt med enkeltbedrifter, men som regel har det vore representantar frå styret som har delteke på desse messene. I 2012 var vi med på Framtidsfylket sine messer i Trondheim, Bergen og Sogndal. I tillegg var vi medarrangør og på plass på vårt eige HAFS-treff i Bergen, eit fellesarrangement som for første gang involverte næringsliv og kommunane i heile HAFS-regionen.

I store delar av vår region har vi ei utfordring med å rekruttere rett arbeidskraft. Både i vår medlemsmasse, men òg i våre søsterorganisasjonar i nabokommunane. Det er eit paradoks, då vi veit at mange som vurderer å flytte heim oppgjer nettopp mangelen på arbeidsplassar som ei av utfordringane for å kunne realisere heimflyttinga. Noko av dette handlar nok om at typen arbeidsplassar ikkje alltid passar overeins, men ein del av det handlar nok òg om at dei lokale bedriftene ikkje er gode nok på å formidle kor spennande og utfordrande arbeidsplassar vi har.

Deltaking på desse messene, der ein får treffe aktuelle arbeidssøkande ansikt til ansikt, er ein god stad å starte. Vi håpar at endå fleire av våre medlemsbedrifter ser dette som nyttig, og set av noko av tida si på dette. Det kan fort bli ei svært fornuftig investering i framtida.

I år skal det i tillegg til karrieremessene til Framtidsfylket vere ein lokal utgåve for yngre HAFS-ungdom i Fjalerhallen. Det er her dei første positive relasjonane skal skapast, og kanskje kan ein påverke nokre gode emne til å ta ei utdanning ein har bruk for?

HAFS-messa i Fjalerhallen går av stabelen 5. februar. Så kjem karrieremessa til Framtidsfylket den 13. februar, og 5. og 6. mai i Oslo. Vi vil vere på plass for å syne fram kva Hyllestad har å by på, og ynskjer kjende og ukjende velkomne innom standen vår!

Advertisements

Satsing i Skifjorden

Godt nyttår til alle med interesse for næringslivet i Hyllestad!

Det rører seg i næringslivet i kommunen vår for tida. Gjennom hausten 2012 har det vore enormt mykje aktivitet i næringsarbeidet i kommunen. Så mykje at det er så vidt at det arbeidande styret har klart å handtere alt som vi burde vere ein del av. Heldigvis er det kommunale næringsapparatet betre enn nokon gang, og samspelet mellom næringsrådet og omstillingsorganisasjonen har vore veldig godt.

Spesielt ytre delar av kommunen har vakna til liv, etter å ha vore prega av negative trendar ei tid. Ein kan starte med å dra fram Roar Nordbø, som gjennom sitt kontinuerlege utviklingsarbeid er med på å skape utvikling, liv og røre i Sørbøvågområdet. I tillegg til butikken, er han ein av pådrivarane for at reiselivssatsinga skal løftast fram. Som eit resultat av denne satsinga, har ein i år lukkast med å etablere eit reiselivslag. Dette har det vore i kommunen før, men det har av ulike årsakar dødd ut. Denne gangen er organiseringa annleis, det skal vere ei interessegruppe under paraplyen til HNR. Sjå elles eige innlegg om dette laget.

Gjennom arbeidet med reiseliv, har styret i HNR blitt kjent med nokre svært spanande framtidsplanar, og det ser ut som at idylliske Skifjorden skal ta rolla som motor i den vidare utviklinga av det lokale reiselivet. I Firda på nyttårsaftan kunne ein lese om Sognefjord Boating AS, eit nyetablert selskap som skal drive båtutleige med utgangspunkt i Skiveneset. Vidare er Magnar Eide, utflytt Hyllestading busett på Sotra, engasjert i reiselivssatsinga, og vurderer å utvide familiebedrifta han driv med utleige på Eide i dag. Til  slutt vart både omstilling, næringsråd og andre interesserte inviterte med på workshop i grendahuset i Skifjorden. Initiativtakaren til denne var utflytta Skifjording Rolf Risnes, som òg går med konkrete planar om å vidareutvikle den turistnæringa som familien hans driv på Bjørnestad i Skifjorden.

Styreleiar i HNR, samt Rune Thorsnes frå omstillingsorganisasjonen var med på Workshopen til Rolf. Det var ein svært positiv dag, der ein diskuterte både langsiktige og meir handgripelege målsetjingar. Det som var spesielt kjekt med denne, er at ein har valgt å gå ope og breitt ut, slik at alle som vil vere med å få til noko er velkomne. Vi er med i prosessen, og ynskjer å vere fasilitator for at her kan bli nyskaping, aktivitet og arbeidsplassar på sikt, og lovar å oppdatere med nytt både her, og på Facebooksida vår.

Styreleiaren