Satsing i Skifjorden

Godt nyttår til alle med interesse for næringslivet i Hyllestad!

Det rører seg i næringslivet i kommunen vår for tida. Gjennom hausten 2012 har det vore enormt mykje aktivitet i næringsarbeidet i kommunen. Så mykje at det er så vidt at det arbeidande styret har klart å handtere alt som vi burde vere ein del av. Heldigvis er det kommunale næringsapparatet betre enn nokon gang, og samspelet mellom næringsrådet og omstillingsorganisasjonen har vore veldig godt.

Spesielt ytre delar av kommunen har vakna til liv, etter å ha vore prega av negative trendar ei tid. Ein kan starte med å dra fram Roar Nordbø, som gjennom sitt kontinuerlege utviklingsarbeid er med på å skape utvikling, liv og røre i Sørbøvågområdet. I tillegg til butikken, er han ein av pådrivarane for at reiselivssatsinga skal løftast fram. Som eit resultat av denne satsinga, har ein i år lukkast med å etablere eit reiselivslag. Dette har det vore i kommunen før, men det har av ulike årsakar dødd ut. Denne gangen er organiseringa annleis, det skal vere ei interessegruppe under paraplyen til HNR. Sjå elles eige innlegg om dette laget.

Gjennom arbeidet med reiseliv, har styret i HNR blitt kjent med nokre svært spanande framtidsplanar, og det ser ut som at idylliske Skifjorden skal ta rolla som motor i den vidare utviklinga av det lokale reiselivet. I Firda på nyttårsaftan kunne ein lese om Sognefjord Boating AS, eit nyetablert selskap som skal drive båtutleige med utgangspunkt i Skiveneset. Vidare er Magnar Eide, utflytt Hyllestading busett på Sotra, engasjert i reiselivssatsinga, og vurderer å utvide familiebedrifta han driv med utleige på Eide i dag. Til  slutt vart både omstilling, næringsråd og andre interesserte inviterte med på workshop i grendahuset i Skifjorden. Initiativtakaren til denne var utflytta Skifjording Rolf Risnes, som òg går med konkrete planar om å vidareutvikle den turistnæringa som familien hans driv på Bjørnestad i Skifjorden.

Styreleiar i HNR, samt Rune Thorsnes frå omstillingsorganisasjonen var med på Workshopen til Rolf. Det var ein svært positiv dag, der ein diskuterte både langsiktige og meir handgripelege målsetjingar. Det som var spesielt kjekt med denne, er at ein har valgt å gå ope og breitt ut, slik at alle som vil vere med å få til noko er velkomne. Vi er med i prosessen, og ynskjer å vere fasilitator for at her kan bli nyskaping, aktivitet og arbeidsplassar på sikt, og lovar å oppdatere med nytt både her, og på Facebooksida vår.

Styreleiaren

Advertisements

3 thoughts on “Satsing i Skifjorden

  1. Spennande satsing som også er på høg tid! Har de sett Innovasjon Norge si ”Hvitebok for reisemålsutvikling»: http://www.innovasjonnorge.no/Documents/reiseliv/Hvitebok%202010.pdf?epslanguage=no Distrikssenteret har òg mykje nyttig informasjon om reisemålssatsingar. Fins det noko kommunesamarbeid med konkrete strategiar og tiltak om reisemålutvikling i ytre strok? Muleg det er tidleg endå, men diskuterte de kva potensiale de ser føre dykk, kva føresetnader Hyllestad kommune har og kva prioriteringar som bør gjerast? Det hadde vore interessant å få vite meir om dette!

    Eg har stor tru på at Hyllestad kommune har mykje å hente på reiseliv og turisme – særleg viktig er eit samarbeid mellom dei ulike aktørane slik at ein kan skreddarsy og tilby totalopplevingar og bygge felles merkevare for Hyllestad. Med dei flotte naturressursane som fins, slår det meg som underleg at ikkje fleire har sett nytte av å satse på dette og skape eigen arbeidsplass med eit slikt fokus! Fleire og fleire får auga opp for aktive fritidsreiser, her har kommunen mykje å bygge på!

    Eit anna spørsmål til slutt; korleis har de valt å gå breitt ut for å invitere med flest muleg? Denne workshopen var ukjent for meg – ikkje at eg kunne delta, men eg er nysgjerrig på om folk flest har visst om dette og om de har merka pågang og ønskje om å delta? 🙂

    Stå på, dette er viktig arbeid!

    • Hei Siv!

      Det du skriv er i stor grad samanfallande med den tilnærminga som ein har valgt i vårt tilfelle. Eg skal forsøke å samanfatte dette i eit eige innlegg med det første.

      Til det siste: Det konkrete initiativet, som denne gangen kjem frå medlemsorganisasjonen Hyllestad Næringsråd, har utspring i eit prosjekt (les meir her) der ein søkte å finne ut kva næringar i kommunen som hadde potensiale og ikkje minst vilje til vekst. Mellom fleire, så utpeika reiselivsnæringa seg. I denne prosessen var alle medlemsbedriftene intervjua. I dette prosjektet, så har vi hatt økonomisk mogelegheit til å bruke innleigd ressursar, og ein har bevisst valgt å bruke ein som ikkje har lokal tilknytning frå før. Det trur vi har vore ein fordel. Då ein valde å spisse arbeidet med reiseliv, så gjekk ein òg ut til dei aktørane som ein fekk kjennskap til. Det var mellom anna gjennom ulike ressursgrupper, medlemmar i Stiftinga Jensbua og andre som ein klarte å spore opp sjølv. I tillegg har vi gått ut med informasjon gjennom nettsider, sosiale medier og e-postar til medlemmane, som i sin tur har vore oppfordra om å sende desse vidare. Ein har fokusert på dei som operar i, eller tett på det geografiske Hyllestad. Om vi faktisk nådde alle med interesse veit vi ikkje, men ingen har vore uteletne med overlegg. I næringsarbeid er det òg slik at det kviler eit ansvar på aktørane sjølve for å melde seg på når noko skjer, og det merkar vi i pågangen og tilbakemeldinge som vi får. Spesielt kjekt er det at personar som vi ikkje har hatt på radaren vår kjem med gode planar og idèar. Rolf Risnes er eitt av eksempla på dette.

      Workshopen i Skifjorden var i privat regi, der HNR var inviterte til å delta. Vi såg det som viktig å få kopla dette initiativet saman med resten av aktiviteten som finst i næringa. Delar av det som vert arbeidd vidare med i Skifjorden er framleis mogeleg å vere med på. Uansett vert dette køyrt som ein open prosess, og både HNR og initiativtakaren vil oppdatere sine kanalar etter kvart som dette går vidare.

      Takk for god tilbakemelding!

      -Joakim

  2. Hei Siv,
    Som Skifjording (men utflytta frå 1990) er eg veldig glad i bygda – og eg forsøkjer derfor å sjå om det er mogeleg å kome i gong med nokre konkrete prosjekter. Dette er heilt i startgropa, og ein av grunnideane er nettopp å samarbeide med andre i kommunen. Sjølve invitasjonen gjekk åpent ut her: http://hyllestad.origo.no/-/bulletin/show/763089_invitasjon-til-workshop-i-skifjorden-24-11, men det er sikkert slik at mange ikkje er på Origo. Men, der ser du litt kva tankar eg har gjort meg. Ein av dei tinga vi var einig om var å informere/invitere veldig åpent i det vidare arbeidet. Det kjem ei oppsummering og nokre ord om planane videre om ikkje so lenge (innan ei veke).

    Ta gjerne kontakt 🙂

    Rolf

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s