About systaddal

Mann, fødd 1985, Hyllestad.

Kurs i bruk av eigne nettsider

Invitasjon til kurs synlegheit på nett 1

Hyllestad Næringsråd er ein aktiv medspelar i omstillingsarbeidet i Hyllestad. I 2014 betyr det i praksis at styret i næringsrådet er prosjekteigar og styringsgruppe for tre prosjekt: Synleggjering av lokal næringsliv (P24), kompetanseheving av lokalt næringsliv (P30) og reiselivsutvikling (P26). Dei to første prosjekta er det hovudstyret som har ansvar for, det siste er det styret i reiselivslaget i næringsrådet som tek seg av.

I kompetansehevingsprosjektet vert det lagt opp til ein aktiv og innhaldsrik haust, der ein får inn dei fremste kurshaldarane på sine felt. Tema for kursa er valde ut av medlemmane i næringsrådet, gjennom fleire kartleggingsrunder i regi av omstillingsorganisasjonen. Første kurs ut er bruk av eigne nettsider. Kurset passar for alle som driv bedrift, eller som er i oppstartsfasen – og både for dei som nettside i dag, og dei som planlegg å få på plass ei. Datoane for kurset er 12. og 13 september, altså ei todagarskurs. Kursstad er Leirvik Kro, og eigendel er kr. 1000,-. 

For påmelding, ta kontakt med Frank Jarle Stølen i omstillingsorganisasjonen på telefon 92669956 eller e-post frank.jarle.stolen@hyllestad.kommune.no. Det er begrensa tal plassar, og førstemann til mølla gjeld. 

Advertisements

Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen

This slideshow requires JavaScript.

Onsdag 13. februar sette HNR sine utsende, Joakim Systaddal og Halvar Horne, kursen for Bergen og karrieremessa til Framtidsfylket. HNR har delteke på desse dei siste åra, og det er alltid godt frammøte og mange interesserte innom standen vår. I år hadde alle frå Hyllestad koordinert seg, og der var representantar frå Hyllestad kommune, Havyard og HNR.

I tillegg til sjølve messa, hadde fotballklubben for utflytta HAFS-ungdom i Bergen, Krabbetor, arrangert fotografering av alle som ynskjer å syne si støtte for Dale vidaregåande. Denne seansen fann stad på Den Blå Steinen, og samla kring 130 ungdommar. Det er eit imponerande engasjement rundt den viktig skulen, det synes òg mellom dei som oppheld seg i Bergen.

Vi hadde ein veldig gjevande dag på stand, og har aldri før opplevd så mange motiverte og konkrete henvendingar. Det er tydeleg at konseptet til Framtidsfylket har fått eit godt fotfeste, avviklinga går på skinner, og dei frammøtte er veldig klar over kva dei deltek på. Vi merka spesielt stor interesse for arbeidsplassar knytt til Hyllestad Utviklingspark, og mange fekk med seg brosjyra med nettadresse og kontaktinformasjon.

Det er ein positiv driv over Hyllestad for tida, og vi merka at folk tok seg god tid og stilte gode spørsmål, ikkje berre til oss, men òg til Hyllestad kommune og Havyard. Vi merkar òg at fleire kjenner til oss gjennom omtale no enn før, det er viktig og bra.

Eit synleg næringsliv

3434_10151428081836055_869815273_n

Dei siste åra har HNR hatt fokus på synleggjering av medlemsbedriftene. Styret har prioritert dette arbeidet, og sidan 2011 har det vore ein del av handlingsplanane for kva næringsrådet skal drive med. Dei viktigaste arenaane i så måte har vore ulike messer, i tillegg til dei digitale kanalane som vi nyttar gjennom heile året. Først og fremst har karrieremessene til Framtidsfylket vore gode og relevante.

Dei siste åra har vi invitert med medlemmane på stand. HNR betalar for standplassen, så må bedriftene stille med eigeninnsats i form av tid til å vere med. Vi har frå tid til anna hatt med enkeltbedrifter, men som regel har det vore representantar frå styret som har delteke på desse messene. I 2012 var vi med på Framtidsfylket sine messer i Trondheim, Bergen og Sogndal. I tillegg var vi medarrangør og på plass på vårt eige HAFS-treff i Bergen, eit fellesarrangement som for første gang involverte næringsliv og kommunane i heile HAFS-regionen.

I store delar av vår region har vi ei utfordring med å rekruttere rett arbeidskraft. Både i vår medlemsmasse, men òg i våre søsterorganisasjonar i nabokommunane. Det er eit paradoks, då vi veit at mange som vurderer å flytte heim oppgjer nettopp mangelen på arbeidsplassar som ei av utfordringane for å kunne realisere heimflyttinga. Noko av dette handlar nok om at typen arbeidsplassar ikkje alltid passar overeins, men ein del av det handlar nok òg om at dei lokale bedriftene ikkje er gode nok på å formidle kor spennande og utfordrande arbeidsplassar vi har.

Deltaking på desse messene, der ein får treffe aktuelle arbeidssøkande ansikt til ansikt, er ein god stad å starte. Vi håpar at endå fleire av våre medlemsbedrifter ser dette som nyttig, og set av noko av tida si på dette. Det kan fort bli ei svært fornuftig investering i framtida.

I år skal det i tillegg til karrieremessene til Framtidsfylket vere ein lokal utgåve for yngre HAFS-ungdom i Fjalerhallen. Det er her dei første positive relasjonane skal skapast, og kanskje kan ein påverke nokre gode emne til å ta ei utdanning ein har bruk for?

HAFS-messa i Fjalerhallen går av stabelen 5. februar. Så kjem karrieremessa til Framtidsfylket den 13. februar, og 5. og 6. mai i Oslo. Vi vil vere på plass for å syne fram kva Hyllestad har å by på, og ynskjer kjende og ukjende velkomne innom standen vår!