HAFS-treff i Bergen

I morgon, fredag 19. oktober, er det duka for HAFS-treff i Bergen. Treffet er ei vidareføring av dei ulike kommunane sine utflyttartreff, seinast Brutreffet til Fjaler og Hyllestad for to år sidan. Vitsen med desse samlingane er å kome i kontakt med unge utflyttarar. Gjennom dette treffpunktet får ein informert om kva som skjer i heimkommunane, ein får direkte dialog med dei enkelte, og ein får sosialisert saman i trivlege rammer. Tidlegare har desse treffa vore svært vellukka, og fleire har i ettertid meldt at treffet har vore medverkande årsak til at ein valde å vende nasen heim.

Når treffet no går av stabelen, har det utvikla seg eit steg vidare. Som eit resultat av godt samarbeid i HAFS-regionen er det naturleg at alle kommunane i samarbeidet går i lag om eit slikt treff. Programmet er òg tilpassa dette, ein har lagt opp til noko felles program, og noko som kvar kommune styrer sjølv. I tillegg til at kommunane, ved politisk og adminstrativ leiing, er til stades, så er næringsorganisasjonane og utvalde verksemder med for å presentere seg for dei vi håpar er framtidige arbeidstakarar – eller kanskje gründarar.

Som vanleg er trivsel og det sosiale sett i sentrum. Harald Rønneberg dreg opp stemninga med sitt føredrag om å gjere ting ein ikkje kan, og det vert nydeleg mat og høve til noko godt i glaset. Vi i Hyllestad Næringsråd har pakka sakene, og ser fram til ein triveleg kveld saman med kjende og nye ansikt med interesse for regionen vår. Vel møtt, og kom gjerne innom for ein triveleg prat i løpet av kvelden!

Advertisements

Satsing på reiseliv

Laurdag 22. september arrangerte HNR seminar for reiselivsnæringa i kommunen. Målet med seminaret var å inspirere næringa, samstundes som ein gav eit fagleg påfyll. Denne gangen var heile næringa invitert til å delta, uavhengig av om ein er medlem i næringsrådet eller ei. Samlinga er ein del av handlingsprogrammet i prosjekt 20, som er beskrive nærare i førre post. Stiftinga Norsk Kvernsteinssenter var medarrangør, og innleiar. 

For å sikre god kvalitet i gjennomføringa, hadde ein invitert eit breitt spekter av innleiarar. Bill Taylor, sjølvstendig næringsdrivande rådgjevar for norske og utanlandske reiselivsdestinasjonar med særskilt fokus på natur, gav eit innblikk i marknaden, trendar og produktutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Irene Baug informerte om status og planar for Norsk Kvernsteinssenter, med spesielt fokus på parken. Steinar Sørli fortalde om sin veg, frå idé til anerkjent operagard i Bygstad, og Joakim Systaddal, Arnold Michelsen og Roar Nordbø fortalde om ståa innan reiseliv i kommunen per i dag, og tankar om vegen vidare. 

Totalt møtte 26 personar, eit tal som ein seier seg godt nøgd med på dette stadiet. HNR vil følge opp møtet, og gå vidare med arbeidet med å utvikle reiselivsnæringa. Dersom du ikkje hadde høve til å delta på denne samlinga, men ynskjer å vere med vidare – ta kontakt med oss. Vi kan òg sende ut oppsummeringa og presentasjonane dersom det er ynskjeleg. 

Prosjekt 20 – satsing på lokalt næringsliv

2012 ligg an til å bli eit innhaldsrikt år for Hyllestad Næringsråd. På tampen av fjoråret vedtok styret å gå inn med 100.000 kr. i eigenkapital på eit prosjekt som vi sjølv utforma. Dette er seinare velsigna av årsmøtet, og fylkeskommunen har gjeve omstillingstilskot på kr. 300.000 i tillegg til eigenkapitalen vår. Målet med prosjektet er å gjere det eksisterande næringslivet i kommunen meir robust. Grunnen til at Hyllestad er omstillingskommune i utgangspunktet, er den sårbare bedriftsstrukturen – vi har ei stor bedrift og mange små, ingen midt i mellom.

Denne strukturen gjer oss sårbare. Dersom Havyard skulle gå inn i dårlegare tider, så har vi få eller ingen bedrifter som kan vere i stand til å demme opp for arbeidsløysa. Tvert om, så er mange av dei små bedriftene òg avhengige av Havyard for å ha arbeid, direkte eller indirekte. Det er såleis særs viktig at ein startar arbeidet med å gjere bedriftsstrukturen meir robust før det er for seint.

Kort oppsummert så har dette prosjektet ei målsetjing om å skape vekstavtalar med minst 10 bedrifter i kommunen. Det betyr enkelt forklart at ein skal jobbe målretta med å utvikle den enkelte bedrifta til å bli meir robust, og kunne ta større oppdrag i eit større geografisk område. Sidan HNR ikkje har eigne tilsette, så har ein hyra inn ekstern prosjektleiing til dette arbeidet. Den kontrakta gjekk til selskapet Micon og Arnold Mikkelsen. Han har erfaring frå liknande prosjekt tidlegare, og kjenner utfordringane og mogelegheitene som ligg i mindre kommunar.

No i juni er første del av arbeidet, forstudiet, fullført. Micon har hatt kontakt med alle medlemmane som hadde tid, og kartlagt kva kvar enkelt av dei tenkjer om vegen vidare. Nokre er nøgde med ståa slik som den er, og andre har tankar og planar om utvikling. Studiet skulle sjekke om det var grunnlag for å arbeide vidare, og ut frå rapporten frå Micon har styret beslutta å gå i gang med eit forprosjekt der vekstavtalane skal skrivast. No står det att å sjå kor mange, og ikkje minst kven som vert med på prosessen vidare.

Det som er heva over tvil er at det skjer mykje spanande i Hyllestad for tida. Gamleverftet skal gjennoppstå i ny ham som Hyllestad Utviklingspark, eit viktig prosjekt som det er knytt store forventningar til. Samstundes opplever omstillingsstyret ei auke av søknadar til næringsfondet, og reiselivsnæringa har fått ny giv etter at Kvernsteinsparken er nominert til å få UNESCO sin verdsarvstatus. Frå innsida tyder mykje på at Hyllestad endeleg er i ferd med å få sin del av gullalderen, som kysten har blitt spådd å få dei neste åra. Framleis er mykje usikkert, men med alminneleg god utteljing så kan Hyllestad verkeleg vere staden å vere for næring og nyskaping i åra som kjem.