Etablering av reiselivsgruppe i Hyllestad

Gjennom det tidlegare omtala prosjektet som næringsrådet har køyrt i år, har ein identifisert reiselivsnæringa som ei gruppering som har vilje og potensiale til vekst. Dette høver godt inn i omstillingsarbeidet i kommunen, der reiseliv truleg vil bli ein viktig del av det ein skal jobbe med i året som kjem. Undervegs i arbeidet har ein avdekka eit behov for ei lokal organisering av dei som arbeider med reiseliv i kommunen. Dette er ikkje meint som eit alternativ til dei organisasjonane som alt finst, men eit forsøk på å få meir aktivitet og samhandling lokalt.

Etter nokre runder der prosjektleiar og styret saman med aktørar frå næringa har diskutert korleis ein skal gjere dette, har ein landa på at dei reiselivsverksemdene som ynskjer å satse skal danne ei reiselivsgruppe i Hyllestad Næringsråd. Etableringa og konstitueringa av denne gruppa fann stad tysdag 6. november, etter at næringa sjølv valde ei styringsgruppe. Mona Birkeland vart valt til leiar av gruppa, som i tillegg inneheld Sylvi Helene Sundgot, Oddvar Hatlem, Roar Nordbø og Lisa Giil. Styreleiar i næringsrådet og prosjektleiar deltok i møtet, og er særs godt nøgde med både engasjement og kvaliteten i gruppa.

Vi har god grunn til å tru at denne gruppa kan bidra positivt til å skape meir aktivitet innanfor reiselivsnæringa i Hyllestad, og samstundes ta ei koordinerande rolle for best mogeleg å sjå samanhengen mellom alt som skjer lokalt og regionalt som involverar næringa. Det vert uansett veldig spanande å fylgje gruppa sitt arbeid fram mot årsmøtet i næringsrådet, der ein vil ta stilling til ei meir permanent organisering.

Advertisements