Satsing i Skifjorden

Godt nyttår til alle med interesse for næringslivet i Hyllestad!

Det rører seg i næringslivet i kommunen vår for tida. Gjennom hausten 2012 har det vore enormt mykje aktivitet i næringsarbeidet i kommunen. Så mykje at det er så vidt at det arbeidande styret har klart å handtere alt som vi burde vere ein del av. Heldigvis er det kommunale næringsapparatet betre enn nokon gang, og samspelet mellom næringsrådet og omstillingsorganisasjonen har vore veldig godt.

Spesielt ytre delar av kommunen har vakna til liv, etter å ha vore prega av negative trendar ei tid. Ein kan starte med å dra fram Roar Nordbø, som gjennom sitt kontinuerlege utviklingsarbeid er med på å skape utvikling, liv og røre i Sørbøvågområdet. I tillegg til butikken, er han ein av pådrivarane for at reiselivssatsinga skal løftast fram. Som eit resultat av denne satsinga, har ein i år lukkast med å etablere eit reiselivslag. Dette har det vore i kommunen før, men det har av ulike årsakar dødd ut. Denne gangen er organiseringa annleis, det skal vere ei interessegruppe under paraplyen til HNR. Sjå elles eige innlegg om dette laget.

Gjennom arbeidet med reiseliv, har styret i HNR blitt kjent med nokre svært spanande framtidsplanar, og det ser ut som at idylliske Skifjorden skal ta rolla som motor i den vidare utviklinga av det lokale reiselivet. I Firda på nyttårsaftan kunne ein lese om Sognefjord Boating AS, eit nyetablert selskap som skal drive båtutleige med utgangspunkt i Skiveneset. Vidare er Magnar Eide, utflytt Hyllestading busett på Sotra, engasjert i reiselivssatsinga, og vurderer å utvide familiebedrifta han driv med utleige på Eide i dag. Til  slutt vart både omstilling, næringsråd og andre interesserte inviterte med på workshop i grendahuset i Skifjorden. Initiativtakaren til denne var utflytta Skifjording Rolf Risnes, som òg går med konkrete planar om å vidareutvikle den turistnæringa som familien hans driv på Bjørnestad i Skifjorden.

Styreleiar i HNR, samt Rune Thorsnes frå omstillingsorganisasjonen var med på Workshopen til Rolf. Det var ein svært positiv dag, der ein diskuterte både langsiktige og meir handgripelege målsetjingar. Det som var spesielt kjekt med denne, er at ein har valgt å gå ope og breitt ut, slik at alle som vil vere med å få til noko er velkomne. Vi er med i prosessen, og ynskjer å vere fasilitator for at her kan bli nyskaping, aktivitet og arbeidsplassar på sikt, og lovar å oppdatere med nytt både her, og på Facebooksida vår.

Styreleiaren

Advertisements