Namn
Hyllestad Næringsråd
Føremål
Samarbeid mellom næringslivet og kommunen i eit felles råd som skal medverke til vekst og utvikling. Hyllestad Næringsråd har som føremål å samle reelle og potensielle næringsdrivande som er interesserte i næringsutvikling i Hyllestad i arbeid for å stø tiltak som vil vere til gagn for medlemmene sine interesser. I dette ligg å fremje eit godt samarbeid mellom medlemmene, og ovanfor styresmakter og frivillige organisasjonar.
Medlemskap
Medlemmer kan vere firma, privatpersonar og organisasjonar med interesse for utvikling av næringslivet. Inn- og utmelding skal vere skriftleg og trer i kraft straks slik melding er gjeven. Medlemmar som har restanse av kontingent utover eit år, vil miste medlemskapen.
Styret
Styret skal vere samansett av fem (5) medlemmer og to (2) varamedlemmer. Styret bør ha ei samansetjing som representerer ulike næringar, og alle delar av kommunen. Hyllestad kommune skal ha eit politisk valt medlem i styret. Leiar skal veljast særskilt på årsmøtet kvart år. Hyllestad kommune sin representant kan ikkje veljast til leiar. To (2) av styremedlemmene og varamedlemane står på val kvart år. Styret skal vere eit arbeidande styre, og skal sjølv velje nestleiar, skrivar og kasserar.
Valnemnd/revisor
Årsmøtet vel revisor og valnemnd.
Styremøte/medlemsmøte
Styremøte vert halde min. fire gonger pr. år. Møte vert halde når det fell naturleg eller når leiaren eller min. to av medlemmene i styret krev det. Medlemsmøte vert halde minst 2 gonger pr. år. Eit av desse møta kan vere årsmøtet. Det skal kallast inn til medlemsmøte med åtte dagars varsel. Det skal haldast medlemsmøte når minst 20 prosent av medlemmene krev det.
Årsmøte
Berre medlemmer i Hyllestad Næringsråd har stemmerett på årsmøtet, personleg eller med fullmakt. Styret kallar inn årsmøtet med åtte dagars varsel innan utgangen av mars. Med innkallinga til årsmøtet fylgjer sakliste, rekneskap, årsmelding og framlegg til budsjett, samt andre saker som ein ynskjer lagt fram for årsmøtet. Saker som skal handsamast av årsmøtet:
- Godkjenning av innkalling/sakliste
- Godkjenning av årsmelding
- Godkjenning av revidert rekneskap
- Fastsetjing av medlemskontingent/budsjett
- Val av leiar
- Val av styremedlemmer og varamedlemmer
- Val av revisor
- Val av valnemnd
- Andre saker som vert lagt fram for årsmøtet i følgje innkallinga
Fullmakt kan gjevast til styremedlemmane eller andre møtande medlemar. Kvart medlem kan møte med inn til fem fullmakter kvar, avgrensa til maksimalt 10 prosent av medlemsmassen per møtande medlem inkludert eiga stemme. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført set styret ny dato for årsmøtet med åtte dagars varsel. Det nye årsmøtet er vedtaksført utan omsyn til kor mange medlemar som møter.
Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller minst halvparten av medlemmene krev dette. På ekstraordinært årsmøte kan ikkje andre saker takast opp enn dei som er gjort kjent i innkalling.
Vedtektsendringar
Framlegg til endring av vedtektene skal fram til årsmøtet, som med 2/3 fleirtal av dei frammøtte kan vedta endringar. Framlegg til endring av vedtektene må vere styret i hende innan 1. mars. Framlegg til endring skal sendast ut saman med innkallinga til årsmøtet.
Oppløysing
Framlegg om oppløysing må leggjast fram for årsmøtet der det vert kravd 2/3 fleirtal. Framlegg om oppløysing må vere sett fram til styret innan utgangen av året. I samband med vedtak om oppløysing tek årsmøtet avgjerd om disposisjon av eiga i rådet.
Gjeldane vedtekter vart sist endra av årsmøtet 10.03.20